Utegudsteneste på Åsskard

Grendaplassen på Åsskard er gudstenestearena søndag. Barnedåp, preike, fiolinmusikk, kyrkjebåtroing og vakker utsikt bidrar til ein fin kyrkjedag.

Utegudsteneste A[1]
Søndagens gudstenestearena har fantastisk utsikt over Åsskardfjorden. (Foto Eva Jorid Svendsen)
Utegudsteneste B
Gapahuken på Grendaplassen blir sentrum for samlinga. (Foto Eva Jorid Svendsen)
Utegudsteneste C1 Roing Hjelmkonnå
Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» trivst på Åsskardfjorden og representerer hundreårig tradisjon. (Foto Bernt Bøe)
2023 07 02 UTEMESSE


Grendaplassen ligg ved bustadfeltet nedafor vegen ytst i Åsskard-grenda, nokre hundre meter vest for kyrkja. Avkjøring blir skilta. Det er ordna med parkering for bilar. Ein kan gjerne ta med eigen stol.

Prosten leier gudstenesta

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh forrettar. I teamet deltek elles klokkar Randi Bøe, organist Bernt Bøe og fiolinist Synnøve Hammervold, truleg også ei songgruppe. Dagens takkoffer går til kyrkjelydsarbeidet.

Roing med «Hjelmkonnå»

Til gudstenesta, som startar 12.00, kjem også roarar med kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Desse startar i 10-tida frå Småbåthamna i Bøfjorden. 

Arrangør for båtturen, Bøfjorden Historielag ved høvedsmann Tore Sannes, tilbyr frivillige til å bemanne årane i den klassiske kyrkjebåten. Turen «på gammelmåten» innover Åsskardfjorden er ei minneverdig oppleving. Roarane kan ta med eigne redningsvestar - eventuelt også sitteunderlag og hanskar.

Museet inviterer etterpå

Etter gudstenesta inviterer Bøfjorden Sjøbruksmuseum til kaffesamver. Der kan ein også få med seg kåseriet «Heimspråket vårt».

Ved dårleg ver blir gudstenesta flytta til Åsskard-kyrkja.

 

….. Innsendt av Åsskard sokneråd ved sekretær Bernt Bøe ….

VI SPONSER BØFJORDNETT