Skapte påskekunst

- Så artig at små og store møter opp! Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen i Åsskard gler seg over nok eit vellykka tiltak med Kyrkjestua som arena.

Skapte a Randi a[1]
Her går det med liv og lyst! Foto Randi Bøe
Skapte b Randi
Mormor Mali er like ivrig som Lukas. Foto Randi Bøe
Skapte c Eva
Flott påskekort frå Liv Aurora. Foto Eva Jorid Svendsen
Skapte d Eva
Desse var Patrick meister for. Foto Eva Jorid Svendsen
Skapte e Eva
Her veks det snart opp karse! Foto Eva Jorid Svendsen
Skapte f Mali
Etter bordverset var det nydeleg kveldsmat i godt lag! Foto Mali Settem


Under torsdagens Påskeverksted var det trengsel rundt borda, skaparglede og fin-fin stemning. Med papp og papir, saks, lim og fargar vart det produsert påskepynt og påskekort i stor stil. 

Dorullpapp, kartong og papir av alle slag vart til blomster og bilete, kylling og påskeharar. Og i bomullsfylte mjølkekartongar var det spennande å så karsefrø, som blir eit friskt – og spiseleg - påskeprodukt!

Eva Jorid hadde saman med Randi Bøe førebudd formingsaktivitene med materiale og idear. Både ungar, foreldre og bestemødre kasta seg over ideplansjane med iver, fantasi og oppfinnsamhet.

Soknerådets rause matmor Kari Johanne Aarnes gjorde minst like stor innsats når ho - igjen - kunne servere eit bugnande kveldsbord med brødskive, alskens pålegg, mjølk og kaffe som avslutning på ei riktig livleg og kreativ kveldsøkt.

… Tekst innsendt av Åsskard sokneråd …

VI SPONSER BØFJORDNETT