Kyrkjefest i Åsskard
Søndagens hausttakkefest med 50-års konfirmantjubileum vart ein fin kyrkjesøndag i Åsskard. Haustfargar og «markens grøde» prega kyrkjerommet – vakkert oppsett av Åsskard Bygdekvinnelag, som også sørga for dagens kyrkjekaffe.


Dåp og tilbakeblikk
Festen vendte blikket både framover og bakover: Vesle Patrick og Alvilde Lovise vart døypte av sokneprest Bernt Venås – med to av konfirmantane som dåpsassistentar. Samtidig var 50-årskonfirmantane dagens heidersgjestar. Dei hadde samling også etter gudstenesta.
Med tenesteoppgåver har konfirmantane dei siste åra delteke fast ved gudstenestene. Attåt assistanse ved dåpen hjelpte dei søndag til som klokkeringarar og kyrkjevertar.
Jubileumsfest
Etter gudstenesta var 1966-konfirmantane samla til hyggesamver på bedehuset i Bøfjorden. Her var det god stemning og gjensynsglede. Historiene satt laust – både om kyrkjefart på kjelke etter blankisen og om turbulente opplevingar på skulen. Aud Jorunn Endresen, Beate Solem Bøe og Gunnvald Bøe drog fleire av «geilkalvane» inn i praten, og det dukka fram muntre og livlege historier frå skule- og konfirmanttida.
Bordkonkurranse (mest om året 1966), allsong og ei spennande utlodning bidrog også til trivsel på jubileumsfesten. Ein særleg flott gevinst var fatet (laga av Sigrun Hesjehagen) med måleri av Åsskardkyrkja og med inskripsjon for dagen. Her vart Øydis Snekvik Grønli den lykkeleg vinnaren.
Og på presten si oppfordring har årets jubilantar alt starta pr-kampanjen for neste års konfirmantjubileum. Denne tradisjonen er verd å ta vare på!
Tekst/foto: Bernt G Bøe