Kva – Kven – Kvar? Sølvskatt og ymse anna

Lokalhistoria er full av hendingar og skjebner. På museet søndag røpar Bøfjorden Historielag litt av kvart – kjent og ukjent.

KKK a[1]
- Det heiter at ein to hundre år gammel sølvskatt ligg borti lia her ein stad, seier Annbjørg Engset i Dreyerstua. Bernt Bøe lovar meir om dette på museet søndag. Foto Randi Bøe
KKK b Gruver Hjelmkona v Kirsten (6)
Kva foregjekk oppe i Hjelmkona rundt 1800? Foto Kirsten Baadnæs Bøe
KKK c FIAT 1936 tilhørte Ove Bøe
Fiat 1936 – veteranbil med eiga historie. Arkiv Bøfjorden Historielag
KKK d Irgens
Surnadalspresten Irgens hadde uvanlege eigenskapar, sa folk. Måleri i Øye kyrkje fotografert av Bernt Bøe
KKK e Hjelmen 1932
Kva skjer med DS «Hjelmen» her? Arkiv Bøfjorden Historielag
KKK f Nordmør (1)
Og kva utretta «mirakelmannen» Nils Sæterøy med hjuldamparen «Nordmør» ved Brøskjalandet i 1863? Måleri av O. Ranheimsæter 1905, montasje ved Bernt Bøe
2025 08 10 Plakat


Kva? 

Her dukkar det fram ymse merkeleg og dramatisk ein kanskje ikkje visste om. Bragder drama til sjøs og til lands. Og så «Sølvskatten» på Åsskard!

Kven?

Kvinner og menn Nordmøre rundt har stått fram i gjerning og (ikkje minst) i ord. Mykje tøft og treffande blir å høre!

Kvar? 

Langs fjord og fjell ligg åstader der artige og skumle ting har skjedd opp gjennom hundreåra. Greitt å vite når du fer forbi. Og kanskje forlokkande å oppsøkje?

Det aller meste kjem på lerretet. Samtidig er ordet fritt. Alle i salen kan bidra med fakta og eigne opplevingar.

Sommarutlodninga er i gang, kjøkenet bemanna og sjøbruksmuseet som alltid ein fin treffstad.

 

… Bøfjorden Historielag …

VI SPONSER BØFJORDNETT