Jonsvaka i Åsskard
Åsskard kyrkje feirar St.Hans-kvelden med kulturarrangement også i år. Folk har uttrykt ønske om at den årvisse og populære Jonsvaka-tradisjonen frå 1982 held fram.
Kor og musikarar fornyar på sin måte ein tusenårig kyrkjefest. Jonsok – «Jensuku» på dialekt – var kyrkjeleg høgtid fram til slutten av 1700-talet.
Vakker kunst innleier programmet fredag kl. 22. Da held Bernt G. Bøe fotokåseriet «Biletleg tala» – med glimt av tavler og skulpturar frå mange av kyrkjene våre. Nordmørske kunstnarar som Rasmus Teilgaard, Ole Joensen Kolset, Lars Drejer, Conrad Valeur og Dorothea Follestad dukkar fram av halvglømt historie. Deira kunst har tala til slektene i hundrevis av år og har enno mykje å seie oss!
Folketonar
Konserten kl. 23 er kalla «Folketonekveld med litt attåt». Her spelar munnspelveteranen og kulturberaren Ola Bræin både perler frå skattkista etter far sin, Edvard Bræin, og melodiar av Taube og Sommerro.
Averøyingen Johan Martin Røsand er, etter mange år i Vang ved Hamar, no kantor ved Kirkelandet Kirke i Kristiansund. Han framfører folketoneinspirert orgelmusikk, m.a. Sløgedals populære variasjonsverk «Å hvor salig», forutan Bachs monumentale «Fantasi i g-moll».
Messe med slåttemusikk
Damegruppa frå nykoret Prosjekt 17 syng spenstig svensk folkemusikk og utdrag frå sin kjende Petter Dass-kabaret - delvis med forsamlinga. I «Folketonemesse frå Todalen» er lokale salmetonar og slåttar etter spelemannen Hallvard Ørsal fletta inn som klangteppe bak vanlege messeledd som Kyrie, Credo og Sanctus.
Handel og Bach
Folkemusikken har røter og stilpreg frå 1700-talet. Slik glir barokksatsar inn i samanhengen – Handels «I will magnify Thee» -(Salme 145) og Bachs kantatesats «Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte».
Mellom kåseri og konsert byr koret på kaffestund – og på bruramarsj og andre påfunn. Heile kvelden er kyrkja prega av dempa lys og lun sommarstemning. Også slik er kanskje Jonsvaka verd ein beskjeden billett?