Fortsatt små ras mellom bygda og Settemsdalen

Ordføraren: - Surnadal kommune følger godt med tilstanden på fylkesvegen

Vegen ned mot Bøfjorden er som alle veit utsatt for ras av ulike storleikar gjennom året. No går det igjen små ras i forbindelse med ein del nedbør og telè i bakken.

1000005364 (1)[1]
Foto: Arnfinn Nessæther (07.04.2026)
Hugo Pedersen (2)
Foto: Hugo Pedersen, ordførar i Surnadal kommune


Bøfjordnett har vore i kontakt med ordførar Hugo Pedersen i Surnadal kommune som skriv følgande om den rasutsette vegen:

- Surnadal kommune følger godt med tilstanden på fylkesvegen inn til Bøfjorden. Ved farevarslar og når beredskapsleiinga samlast er risiko rundt vegen vurdert, og om nødvendig er det da kontakt med vegeigar som er fylkeskommunen.

Han skriv vidare at kommunen tek opp vegstandarden og risiko på denne vegen så ofte dei kan med vegeigar.

- Men så er etterslepet på fylkesvegane stort, men rassikring er tema, som du og ser av innspel frå regionrådet. Når vegen er open skal det vere trygt å køyre, det er vegeigar sitt ansvar. Surnadal kommune og eg som ordførar vil arbeide opp imot fylkeskommunen for å få ein så sikker og god fylkesveg inn til Bøfjorden, avsluttar Pedersen.

Høyring - Fylkesstrategi for Samferdsel 2027-2030

Kommunestyret i Surnadal behandla saka i møte den 10.02.2026, og ordførar vart gjeve fullmakt til å gje uttale på vegne av Surnadal kommune. Surnadal kommune er medlem i Nordmøre regionråd, og ordføraren har også skreve under på høyringssvaret frå regionrådet.

Eit av punkta omhandlar altså vegen ned til Bøfjorden:

d)    Rastiltak: FV6160 frå Settemsdalen til Bøfjoden er ei spesielt rasutsett strekning. Her har det gått ras fleire gonger. Rassikring langs denne vegen er eit tiltak Surnadal kommune vil løfte fram.

Ordføraren ønskjer gjerne innspel og han oppfordrar til å ta kontakt.

 

VI SPONSER BØFJORDNETT