Bøfjorden søndag: Tema Buss

Bussen går faktisk enno - som den har gjort i over hundre år! På museet i Bøfjorden søndag tek sjåførveteranar eit tilbakeblikk.

Tema BUSS A Still going100 år[1]
Still going: Bussen har bunde oss saman i over hundre år. Her er det anløp i Settemsdalen på tur til Trondheim måndag denne veka. Foto Bernt Bøe
Tema BUSS B Elverhøy
Vintervegen stoppa ved Elverhøy i Bøverdalen. Frå øvst i bygda måtte hesten dra lass og folk. Arkiv Bøfjorden Historielag
Tema BUSS C Surnadal Hotell BUSS
To Trondheims-bussar ved Surnadal Hotell i si tid. Arkiv Bøfjorden Historielag
Tema BUSS D Mjølk
30’en var «mjølkerute» frå Bøfjorden via Snekkvika og Bøverdalen til meieriet på Skei. Bak er Valsøyfjord-bussen, som mellom anna frakta geitmjølka hans Anders i Haugaskaret. Nærast ein av meieriet sine eigne lastebilar mede masse spann (og måla i billaget sine fargar!). Arkiv Bøfjorden Historielag
Tema BUSS E Gml Mørelinjen
Tidleg på 1970-talet flytta billaget frå Øra til nystasjonen. Her i 1982 ser vi Erling Sæthervik (t. v.), Sigmund Gravvold og Fredleiv Bolme. Foto Petter Garte
Tema BUSS F Sigm G
Han som har styringa på museet søndag: Sigmund Gravvold. Privat foto
Tema BUSS G Gerd Anny
Kanskje har Gerd Anny Gjengstø ei hand på rattet og? Privat foto
2025 08 17 Plakaten


Surnadal Billag kom visst på hjul i 1912. Frå da har firmanamn, sjåførar, kjørety og komfort skifta. Med bildekåseri tek eit sjåfør-team oss med på tur gjennom denne levande fasen i lokalhistoria.

Der «styrer» Sigmund Gravvold, og eit par kollegaer legg sikkert «handa på rattet».

Historielaget og sjåførane har henta fram ein fyldig biletserie. Frå «Surndals Auto» (merk skrivemåten!) trillar det inn bussar frå dei hundre åra fram til no. Ein får sjå mange modellar, garasjar og haldeplassar, sjåførar, nokre passasjerar og ymse gods.

Ikkje minst: Programfolket og publikum i salen vil bidra med opplevingar - også av det humoristiske slaget!

Det meste følgjer Surnadal Billag, som via samarbeid og fusjonar vart utvida og skifta namn mange gonger fram til dagens VY, som kjører for fylkesselskapet FRAM. Men også andre busselskap dukkar opp og beviser stor samfunnsnytte. 

På kjøkenet vil Gunnvor og Inger sørge for kaffe, bakels og ymse anna. Og sesongutlodninga får stadig fleire gevinstar, seier arrangøren Bøfjorden Historielag – som set pris på all oppslutning og støtte i arbeidet sitt.

 

... Bøfjorden Historielag ...

VI SPONSER BØFJORDNETT