Bøfjorden søndag: Lynkurs i arkivsøk

Interessa for digitale søk etter slekt, foto og historie er stor og aukande. Søndag tilbyr Bøfjorden Historielag lynkurs i emnet.

Lynkurs A Lars JB[3]
Lars Jostein Bævre frå Slektsforum har gode arkivtips. Foto Bernt Bøe
Lynkurs B Folketelling 1975 Heggem del
Folketeljinga frå Heggem i 1875 viser eit folkhus på i alt 17 personar. Her er nokre av dei – John er Gaardbruger og Selveier, Helga Budeie og Nils både Fisker og Tømmerhugger. Digitalarkivet
Lynkurs C Aure des 1803
Kyrkjeboka for Aure fire søndagar i desember 1803: Tal på nattverdgjestar (Communicanter), namn på gravlagde og etter eit tragisk forlis ser vi nedst: «Omkomne paa Søen og ikke fundne». Digitalarkivet
Lynkurs D Jul
Også frå nyare tid finn ein mykje – her ein julekveld rundt 1950. Digitalarkivet
Lynkurs E Krkbøker
Ein treng ikkje leite opp og bla fysisk i kyrkjebøkene – dei er (stort sett) på nett. Digitalarkivet
2025 08 03 Plakat xy


På museet vil to erfarne arkivdykkarar, Lars Polden og Lars Jostein Bævre, gi rask og enkel innføring i korleis du med din PC kan leite på Digitalarkivet etter personar, bilete og historiske opplysningar.

- Vi gjer dette så endt-fram at alle kan ha utbytte av det, seier Lars Polden. 

Folkeregistra frå 1800-talet fortel mykje. Kyrkjebøkene, no stort sett avskrivne med stor innsats av frivillige, utdjupar opplysningane.

Slektsforum for Indre Nordmøre, stifta for 30 år sia, har engasjert mange i arkivarbeid, særleg med kartlegging av familielinjer bakover i tida. Den eine av temaduoen søndag, Lars Jostein Bævre, er med i styret for Slektsforum.

Forutan konkret rettleiing i digital arkivgransking vil publikum også få høre konkrete, kanskje ukjende, historier frå lokalmiljøet. Slike kjem no opp i lyset takka vere lett arkivtilgang. For å nemne ei av mange glømde hendingar: Kva drama skjedde i Settemsbukta i august 1879?

Også denne søndagen er det kaffe og ymse anna å få kjøpt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum før og etter foredraget.

 

….. Innsendt av Bøfjorden Historielag …

VI SPONSER BØFJORDNETT